LEGALDIGMLEGALDIGM
    ← Norge
    Beta
    NO-DEL-2016-06-03-1951

    NO-DEL-2016-06-03-1951 — Delegering av ansvar etter målbruksforskrifta § 8 til Språkrådet

    Beta. Legal information, not legal advice. LEGALDIGM is not a law firm. Check the official source for the current text.

    Analyze this law with AI
    Tekst Delegering av ansvar etter målbruksforskrifta § 8 til Språkrådet Kulturdepartementet delegerer med dette ansvaret for oppfølging av § 8 første og andre ledd i forskrift 5. desember 1980 nr. 4938 om målbruk i offentleg teneste til Språkrådet. Dei aktuelle føresegnene lyder som følgjer: Vedtak i kommunestyre eller fylkesting etter § 5, første leddet, i lov om målbruk i offentleg teneste skal meldast til Kultur- og vitskapsdepartementet. Ajourførte lister over slike målvedtak blir tekne inn i Norsk Lovtidend og Norsk lysingsblad to gonger for året. Nye målvedtak får ikkje rettslege verknader for statsorgan før dei er kunngjorde på denne måten. Kultur- og vitskapsdepartementet kan fastsetje nærmare reglar om kunngjeringsmåten. Målvedtaka er i dag kunngjorde ved at KUD har fastsett ei slik liste i forskrifts form som forskrift 1. april 2007 nr. 378 om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Denne forskrifta er elektronisk tilgjengeleg hos Lovdata. Delegeringa av desse oppgåvene inneber at Språkrådet får fullmakt til å endre og oppheva den gjeldande forskrifta og til å fastsetja ny forskrift, om ein finn det tenleg. Språkrådet har ansvar for at slike endringar blir melde til Lovdata og kunngjorde i Norsk Lovtidend. Språkrådet vil få eit ansvar for å henta inn opplysningar om målvedtak i samband med endringane i kommune- og fylkesstruktur som kjem dei komande åra. Departementet meiner denne oppgåva heng naturleg saman med dei tilsyns- og informasjonsoppgåvene etter mållova som frå før er delegerte til Språkrådet. Departementet legg til grunn at Språkrådet utfører oppgåva innanfor gjeldande økonomiske og administrative rammer.

    Related guides, FAQ and contract templates