LEGALDIGMLEGALDIGM
    ← Norge
    Beta
    NO-FOR-1981-09-11-8603

    NO-FOR-1981-09-11-8603 — Forskrifter om eigedomsinngrep etter veglova

    Beta. Legal information, not legal advice. LEGALDIGM is not a law firm. Check the official source for the current text.

    Analyze this law with AI
    § 1 Kva føresegnene gjeld Føresegnene gjeld eigedomsinngrep til riks-, fylkes- og kommunal veg etter veglova § 50 . § 2 Minnelege forhandlingar om eigedomsinngrep Før vedtak om eigedomsinngrep kan gjerast, skal vegstyremakta, eller kommunen i saker som blir fremma etter § 5 første eller andre ledd i føresegnene her, prøve å nå fram til semje med dei inngrepet råkar. Unntak frå regelen i første ledd kan gjerast når vegstyremakta ser det som rådlaust å nå fram til semje, eller finn at saka er av ein slik karakter eller eit slikt omfang at det ikkje ligg til rette for minnelege forhandlingar. § 3 Plankrav Vedtak om eigedomsinngrep kan berre gjerast når det ligg føre vedteken reguleringsplan etter plan- og bygningslova. Vedtak kan ikkje gjerast dersom det har gått meir enn 10 år sidan reguleringsplanen blei kunngjort etter plan- og bygningslova § 12-12 . § 4 Unntak frå plankrav Regelen om plankrav etter § 3 gjeld ikkje for: små inngrep i samband med vedlikehald, drift og mindre utbetringar av offentleg veg, så langt dette ikkje er i strid med plan etter plan- og bygningslova eller med plan- og bygningslova § 12-1 . inngrep i samband med tiltak utanfor reguleringsområdet (leidningar, lokale støytiltak, anleggsvegar o.l.), så langt dette ikkje er i strid med plan etter plan- og bygningslova eller med plan- og bygningslova § 12-1 . vedtak etter § 50 første ledd, siste punktum og § 50 andre ledd. avgjerd som tingretten tek etter § 50 tredje ledd. § 5 Forholdet til kommunen Vegstyremakta skal på vanleg måte gjere vedtak om eigedominngrep i saker der kommunen er pålagt å stå for gjennomføringa av eigedomsinngrep til riksveg med heimel i veglova § 14 , og fylkesveg med heimel i veglova § 15 . Den vegstyremakta som har heimel til å gjere vedtak om eigedomsinngrep for riks- eller fylkesveg, kan avtale med kommunen at denne skal stå for gjennomføringa av eigedomsinngrepet. Pålegg etter første ledd eller avtale etter andre ledd i denne paragrafen gir kommunen fullmakt til å krevje skjønn. § 6 Fullmakt til å kreve skjønn Når vegstyremakta skal gjere vedtak om eigedomsinngrep knytta til riksveg som skal byggjast ut av eit statleg utbyggingsselskap for veg, har utbyggingsselskapet fullmakt til å krevje skjønn. Staten ved utbyggingsselskapet er part i saka. Det same gjeld ved avtaleskjønn knytta til vegar som utbyggingsselskapet skal byggje ut. Vegstyresmaktene avgjer spørsmål om anke og om det skal krevjast overskjønn. § 7 Når føresegnene tek til å gjelde Føresegnene her tek til å gjelde frå 1. oktober 1981. Frå same tid trer Kronprinsregentens resolusjon av 15. januar 1965 om forskrifter om behandling av saker om eigedomsinngrep etter vegloven, og kongeleg resolusjon av 12. august 1966 om endringer og tillegg i forskrifter om behandling av saker om eigedomsinngrep etter vegloven ut av kraft.

    Related guides, FAQ and contract templates