LEGALDIGMLEGALDIGM
    ← Norge
    Beta
    NO-FOR-2004-10-15-1338

    NO-FOR-2004-10-15-1338 — Forskrift om overgangsreglar ved ikraftsetjing av lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringer i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv.

    Beta. Legal information, not legal advice. LEGALDIGM is not a law firm. Check the official source for the current text.

    Analyze this law with AI
    § 1 Endringane i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste § 7 , § 32 , § 33 , § 34 , § 36 første og andre ledd, § 37 og § 38 skal gjelde der krav om innløysing eller lenging fremjast på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. januar 2006 eller seinare. § 2 Regelen i § 36 tredje ledd om bortfall av retten til innløysing eller lenging gjeld der festetida går ut 1. januar 2007 eller seinare. § 3 Ved krav om innløysing eller lenging når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane i § 7, § 32, § 33, § 34, § 36, § 37 og § 38 der festaren døyr 1. november 2004 eller seinare. § 4 Endringane i § 43 gjeld der krav om skjønn blir sett fram 1. november 2004 eller seinare. Gjeld skjønnet krav om innløysing, skal endringane likevel berre gjelde der endringane i tomtefestelova § 37 gjeld for kravet etter § 1 eller § 3 i forskrifta her. § 5 Forskrifta gjeld frå 1. november 2004.

    Related guides, FAQ and contract templates