LEGALDIGMLEGALDIGM
    ← Norge
    Beta
    NO-FOR-2005-11-22-1468

    NO-FOR-2005-11-22-1468 — Forskrift om vern av Eplejuice frå Hardanger/Eplemost frå Hardanger som geografisk nemning

    Beta. Legal information, not legal advice. LEGALDIGM is not a law firm. Check the official source for the current text.

    Analyze this law with AI
    § 1 Beskytta produktnemning Eplejuice frå Hardanger/Eplemost frå Hardanger. § 2 Rettmessig brukar TINE SA. Synnøve Finden AS. § 3 Vilkår for bruk av produktnemninga Produktbeskriving Eplejuice frå Hardanger / Eplemost frå Hardanger er laga av eple dyrka og pressa i Hardanger. Samansetjinga kan variere frå ein sort til fleire sortar. Nemninga omfattar både eplejuice som er filtrert og som ikkje er filtrert. Eplejuice frå Hardanger/Eplemost frå Hardanger skal ha ein lett syrleg og aromatisk eplesmak. Eplejuice frå Hardanger/Eplemost frå Hardanger skal ha ein Brix-verdi på minimum 10. Geografisk område Eplejuice frå Hardanger/Eplemost frå Hardanger skal vere laga av eple som er dyrka og pressa i Hardanger. Hardanger omfattar kommunane Kvam, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang og dessutan dei sørlege delane av Voss, tidlegare Granvin kommune. Produksjonsmetode Som råvare til Eplejuice frå Hardanger/Eplemost frå Hardanger skal det brukast godt mogna eple. Epla skal ha ein Brix-verdi ≥ 10, ein diameter ≥ 50 mm og skal vere frie for synleg mugg, gjær og rote. Oppbevaringstida i mottaksbingen før pressing skal maksimum vere på 20 timar. Epla skal lagrast i eigne bingar. Epla skal spylast eller vaskast slik at eventuelle ureinskapar blir fjerna, og dårlege eple skal sorterast ut. Epla skal deretter kvernast til mask. Tillatne hjelpestoff kan tilsetjast før masken blir overført til mesketank. Når det øvste laget sprekk, skal masken pressast slik at eplejuice/eplemost og mask blir separert. Filtrert eplejuice/eplemost kan tilsetjast hjelpestoff for depektinering og klaring. Eplejuice frå Hardanger/Eplemost frå Hardanger skal pasteuriserast før tapping og lagring. Pasteurisering og tapping skal skje same dag. Skjer tapping på ein annan stad enn der epla blei pressa, skal eplejuicen/eplemosten pasteuriserast på nytt før tapping. § 4 Iverksetjing Forskrifta blir sett i verk 20. desember 2005.

    Related guides, FAQ and contract templates