LEGALDIGMLEGALDIGM
    ← Norge
    Beta
    NO-FOR-2006-08-25-997

    NO-FOR-2006-08-25-997 — Forskrift om vern av Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger som geografisk nemning

    Beta. Legal information, not legal advice. LEGALDIGM is not a law firm. Check the official source for the current text.

    Analyze this law with AI
    § 1 Beskytta produktnemning Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger. § 2 Rettmessig brukar Hardanger Fruktprodukt. § 3 Vilkår for bruk av produktnemninga 1. Produktbeskriving Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger er pærer ( Pyrus ) dyrka i Hardanger. Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger skal ha dei spesielle eigenskapane som er karakteristiske for den enkelte sorten når det gjeld storleik, form, farge og smak, og tilfredsstille minimumskrava til storleik, og refraktometerverdi i tabell 1. Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger skal vera feilfrie og ha stilk. Tabell 1: Produktkrav (minimumskrav) Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger Pæresort Diameter (mm) Refraktometerverdi (%) Celina 50–90 10,5–12 Clara Frijs 50–90 10,5–12 Ingeborg 50–95 10,5–12 Andre sorter 50–95 10,5–12 2. Geografisk område Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger skal dyrkast, sorterast og pakkast i Hardanger. Hardanger definerast som området rundt dei indre delane av Hardangerfjorden, rekna frå dei sørlegaste grensene til kommunane Kvam og Ullensvang og inkludert fjordarmane Granvinsfjorden, Osafjorden med Ulvikpollen, Eidfjorden med Simadalsfjorden og Sørfjorden. 3. Produksjonsmetode Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger skal dyrkast etter moderne produksjonsmetodar. Pæretrea skal plantast og formast på ein måte som sikrar gode lysforhold i alle delar av trea. Pæretrea skal plantast på jord som er veldrenert, porøs, kalka og grunngjødsla før utplanting. Trea skal ha støttesystem. Trea skal handtynnast ved behov, eventuelt i kombinasjon med bruk av kjemiske tynningsmiddel. Plantevern skal gjennomførast etter prinsippet om integrert plantevern. Det skal vatnast etter behov og kalkast og gjødslast planmessig. Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger skal tilfredsstilla produktkrava i tabell 1. Pærene skal leverast til kjølelager same dag som hausting, og raskt kjølast ned til rett temperatur og optimal luftråme. 4. Merking av produktet Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger kan merkjast med figurmerket for beskytta geografisk nemning / beskyttet geografisk betegnelse. § 4 Iverksetjing Forskrifta blir sett i verk straks.

    Related guides, FAQ and contract templates