LEGALDIGMLEGALDIGM
    ← Norge
    Beta
    NO-FOR-2006-08-25-998

    NO-FOR-2006-08-25-998 — Forskrift om vern av Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger som geografisk nemning

    Beta. Legal information, not legal advice. LEGALDIGM is not a law firm. Check the official source for the current text.

    Analyze this law with AI
    § 1 Beskytta produktnemning Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger. § 2 Rettmessig brukar Hardanger Fruktprodukt. § 3 Vilkår for bruk av produktnemninga 1. Produktbeskriving Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger er plommer ( Prunus ) dyrka i Hardanger. Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger skal ha dei spesielle eigenskapane som er karakteristiske for den enkelte plommesorten når det gjeld storleik, form, farge og smak, og tilfredsstilla minimumskrava til storleik og refraktometerverdi i tabell 1. Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger skal vera feilfrie og ikkje ha skadar etter insektangrep eller skjemmande merke. Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer skal i størst mogleg grad ha stilk. Tabell 1: Produktkrav (minimumskrav) Hardangerplommer Plommesort Diameter (mm) Refraktometerverdi (%) Edda > 36 14 Exalibur > 42 13 Jubileum > 42 14 Mallard > 38 14 Opa > 36 14 Reeves > 42 14 Victoria > 38 14 Andre sortar > 38 14 2. Geografisk område Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger skal dyrkast, sorterast og pakkast i Hardanger. Hardanger definerast som området rundt dei indre delane av Hardangerfjorden, rekna frå dei sørlegaste grensene til kommunane Kvam og Ullensvang og inkludert fjordarmane Granvinsfjorden, Osafjorden med Ulvikpollen, Eidfjorden med Simadalsfjorden og Sørfjorden. 3. Produksjonsmetode Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger skal dyrkast etter moderne produksjonsmetodar. Plommetrea skal plantast og formast på ein måte som sikrar gode lysforhold i alle delar av trea. Plommetrea skal plantast på jord som er veldrenert, porøs, kalka og grunngjødsla før utplanting. Trea skal handtynnast, eventuelt i kombinasjon med bruk av kjemiske tynningsmiddel. Plantevern skal gjennomførast etter prinsippet om integrert plantevern. Det skal vatnast etter behov, og kalkast og gjødslast planmessig. Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger skal tilfredsstilla produktkrava i tabell 1. Plommene skal leverast til kjølelager same dag som hausting, og raskt kjølast ned til rett temperatur. 4. Merking av produktet Hardangerplommer / Plommer frå Hardanger / Plommer fra Hardanger kan merkjast med figurmerket for beskytta geografisk nemning / beskyttet geografisk betegnelse. § 4 Iverksetjing Forskrifta blir sett i verk straks.

    Related guides, FAQ and contract templates