LEGALDIGMLEGALDIGM
    ← Norge
    Beta
    NO-FOR-2021-01-19-193

    NO-FOR-2021-01-19-193 — Forskrift om rekneskapsføring av pensjonsutgifter for Den norske kyrkja (rettssubjektet Den norske kyrkja)

    Beta. Legal information, not legal advice. LEGALDIGM is not a law firm. Check the official source for the current text.

    Analyze this law with AI
    § 1 Den norske kyrkja skal ikkje balanseføre pensjonsplikter som er forsikra. Pensjonspremien skal reknast som pensjonskostnad. § 2 Pensjonspliktene skal gå fram av note til rekneskapen. Noten skal gje all relevant informasjon om grunnlaget og føresetnadene for pensjonspliktene og for endringar i desse, og basere seg på dei spesifikasjonskrava som følgjer av Norsk Rekneskapsstandard 6 om pensjonskostnader. Departementet kan stille nærare krav til rekneskapsinformasjonen. § 3 Forskrifta gjeld frå 1. februar 2021. Frå same tid blir forskrift 4. oktober 2016 nr. 1167 om rekneskapsføring av pensjonsutgifter for Den norske kyrkja (rettssubjektet Den norske kyrkja) oppheva.

    Related guides, FAQ and contract templates