LEGALDIGMLEGALDIGM
    ← Norge
    Beta
    LOV 1967-06-08-3

    LOV 1967-06-08-3 — Lov om å setja i verk avtala 18 mars 1965 om løysing av tvistar mellom ein stat og borgarar i andre statar om investeringar

    Beta. Legal information, not legal advice. LEGALDIGM is not a law firm. Check the official source for the current text.

    Analyze this law with AI
    § 1 Med «avtala» er i denne lov meint den avtala som vart gjord i Washington 18 mars 1965 etter opptak frå Den mellomfolkelege banken for atterreising og framvokster, og som gjeld løysing av tvistar mellom ein stat og borgarar i andre statar om investeringar. Under «skilsdom» går her og avgjerder etter artiklane 50, 51 eller 52 i avtala om at ein skilsdom kan verta tolka, brigda eller gjord om inkje. § 2 Skilsdom som er gjord med heimel i avtala, er bindande her i riket. Går ein skilsdom ut på at nokon skal reida ut pengar kan skilsdomen fullførast her i riket so framt fullføringa ikkje er utdrygd etter reglane i avtala. Krav om fullføring vert framsett for namsfuten. Tvangsfullbyrdelsesloven § 4-2 fjerde ledd gjeld ikkje for fullføring av skilsdom som er gjord med heimel i avtala. Vert det opplyst at fullføring er utdrygd etter reglane i avtala, skal ei fullføringssak som går her i riket, likeins utsetjast. Elles kan fullføring her ikkje utdrygjast av di det er kravt at skilsdomen skal verta tolka, brigda eller gjord om inkje etter reglane i avtala. § 3 Det mellomfolkelege sentret for løysing av investeringstvistar, tenestemennene åt senteret og andre som er målsmenn for senteret, skal ha den immunitet og dei privileg som er fastsett i avtala. Det same gjeld om dei som møter i saker etter avtala og er partar, målsmenn, hjelpesmenn, advokatar, vitne eller sakkunnige. § 4 Kongen kan gjeva nærare føresegner til gjennomføring av lova. § 5 Kongen fastsett kva dag 1 lova skal taka til å gjelda.

    Related guides, FAQ and contract templates