LEGALDIGMLEGALDIGM
    ← Norge
    Beta
    LOV 2003-12-12-115

    LOV 2003-12-12-115 — Lov om statleg varekrigsforsikring

    Beta. Legal information, not legal advice. LEGALDIGM is not a law firm. Check the official source for the current text.

    § 1 Iverksetjing og avslutting av tilbod om statleg varekrigsforsikring Kongen kan fastsetje at staten skal tilby varetransportforsikring mot krig, krigsfare eller ekstraordinære kriseforhold i Noreg eller utlandet («varekrigsforsikring») for så vidt det får følgjer for norske interesser og slike omstende kan hindre forsyning og varetransport dersom det private forsikringstilbodet opphøyrer, kan kome til å opphøyre eller ikkje dekkjer ein slik situasjon. Kongen kan avslutte tilbodet om statleg varekrigsforsikring dersom dei vilkår som er fastlagde i første ledd ikkje lenger er til stades. § 2 Verkeområde Staten kan tilby varetransportforsikring ved krig, krigsfare eller ekstraordinære kriseforhold av: varer som blir sende til, frå eller innafor norsk område, og når det er norske interesser som blir dekte, også av varer som blir sende mellom stader i utlandet. norske reiarar og tidsbefraktarar si frakt på reisebasis, befraktingskommisjon og havaripengar i risiko for norske forsikringstakarar. Kongen eller den han gir mynde kan fastsetje at også andre interesser kan bli dekte. § 3 Organisering Ved iverksetjing av statleg varekrigsforsikring som fastlagt i § 1 kan Kongen bestemme at det blir oppretta eit styre med leiar og så mange medlemmer som departementet fastset. Styret skal ha ansvaret for den daglege leiinga og drifta av varekrigsforsikringsordninga. Det skal òg vere eit eige sekretariat. § 4 Forskrifter Kongen kan gi nærare forskrifter om gjennomføring av denne lova. § 5 Oppheving av og endringar i andre lover Lov av 3. desember 1948 nr. 8 om Statens varekrigsforsikring vert oppheva. Forsikringsavtaler som er inngått etter lov av 3. desember 1948 nr. 8 om Statens varekrigsforsikring gjeld inntil dei blir terminerte og plikter etter forsikringsavtalene er gjort opp. I lov av 17. juli 1953 nr. 2 om erstatning for krigsskade på eigedom og interesser vert § 36 andre ledd nr. 4 oppheva. § 6 Iverksetjing Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset. 1

    Related guides, FAQ and contract templates